onsdag, februar 18, 2009

Grashoppefiolinar

Grashoppeorkesteret stemmer fiolinane for kvelden
Alltid om kvelden, då ingen ser dei
Dei let seg sjenera dei stakkars hoppefiolinistane
Ikkje som myggblåserekkja, som dei trengjer seg på og tenkjer ikkje
på sine surtstemte tonar og sitt likestemte publikum
Grashoppefiolinar syng i natta
Så dei kan sleppe applausen frå dei såvande tilhøyrarane

3 kommentarer:

meg sa...

Akkja. Eg har ikkje høyrd grashopper eller sikadar på lenge.

Eg samnar dei.

Karoline sa...

Det er vakkert.

Anonym sa...

Hmm. Eg meinte visst "saknar".

Orsak.