fredag, juli 27, 2007

Krofert og kameluttensmutt

Bak eit nedlagt gatekjøken og inni ei trapp. Der står krofert og dusjar. Ingen andre enn Krofert tar seg skomlare ut i blå kjeledress, kvit skuggehue og nesten prikkete sko.
Bakom gatekjøkenet og under trappa, der krofert står og dusjar, der bur Kameluttensmutt. Kunn ei gong har krofert og Kameluttensmutt møtt einannan, og det gjekk såleis til:

Bakom eit gatekjøken og inni eit trapp, der sto Krofert og dusja. Under dusjen bur Kameluttensmutt, men det veit ikkje Krofert, for enda har dei ikkje møtt einannan, nei.
Men det var den dagen at Krofert dusja bakom gatekjøkenet, inni trappa, at det fór eit merkjeleg ljos framfor augo på han og med eit shvupp var han djupt nede der ingen pleiar vere. ”Det var no eg sku hatt paraplyen eg bytte i ein malekost” tenkte Krofert.
Men sidan angra han seg, for malekosten var ein skrekkjeleg dugeleg malekost, ein slik ein med godt ergonomisk handtak i begge ender.
Stort meir rakk ikkje Krofert tenkje før han fann vegen til Kameruttenskrutt. Kameruttenskrutt vart ikkje blid då nokon kom seilande i vegen hans. Men Krofert var ein skrekkjeleg god seilar, for seiling hadde han dreve med i sin ungdom.
Det var med naud og ei sprukken leppe at Krofert slapp unna, for Kameruttenskrutt var ein sta, ilter, liten og svært ondsinna rørbuar, slik dei fleste rørbuarar ofte er.

Då Krofert seila vidare, vart han med eit klar over at han tok inn vatn. ”ikkje bra” sa ei bedrøva stemme ved sida av han. ”Slett ikkje bra” sa den som hadde seila opp på sida av han. ”Eg var borti noko liknande då eg gjekk på vannski over grønland” sa den framande. ”Du bør stane her” den framande peika på eit busstopp på høgre side.

Fortsettelse følgjer KANSKJE

3 kommentarer:

Ingeborg sa...

oj.


Marius; du e mitt store idol! Både når da gjeld skriving, og når da gjeld tapas-laging ;)

Ingeborg sa...

(Da va forrestn et positivt "oj". Men da forsto du sikkert. Et VELDI positivt "oj". Meir som et "wow", egentli :p)

benedikto sa...

gler meg til framhaldet!

rare, gode tekstar... herleg.