måndag, september 03, 2007

Ein Skodespelar i TV-antenna

Akkurat no er eg høg.
Eg er høg,
og det på ein måte som over hovud ikkje kan målast etter noko metrisk målesystem.
Eg er høg på tøymjuknar og blåbærsyltety!
Det er nesten like villt som luft og kjerlek og vannmelon eller vannbøffel
Eg treng ikkje sko eller luftgevær, eg frir meg frå alle materielle freistingar.
Eg kler meg naken og barberar ein ring rundt navelen.
No leikar eg dukketeater i speilet
på badet.
Eg kunne vore skodespelar
hadde det ikkje vore for at eg var naken
Tanken skremer meg
Eg går ut
tenner ein fakkel
eg går opp på taket
og klatrar heilt opp i TV-antenna
Det hjalp.

Komentarar: Dette gjer like mykje meining som vaffel med svigermor på.
TRNINGKAST: 3

Dette diktet manglar enderim
TERNINGKAST: 2

Kanskje du heller burde skrive kokebøker?
TERNINGKAST: 1

7 kommentarer:

Ole Malvin sa...

Eg trur eg har nokre ord eg må sei etter å ha lese dette.

Kanskje orda er: hahahaha

m a r i i i i i sa...

Eg e litt skeptisk til kossen kakene ville smakt hvis du hadde skrevet det her i ei kokebok..
:P

Eg liker at du skriver:)

Anonym sa...

mmmmhmmmm! XD

Marius, DU E GENIAL!!!

benedikto sa...

hahaaaaaaa!!!!!
Heia svigermor.

og wwspmff og bozyrn, som var kodane eg måtte tasta inn for å få skrive dette.

Daniel sa...

De kakene ville fått oppmerksomhet fra div kokker.. Hm, men joda.

Marius, du e flink

benedikto sa...

Det hadde vore koseleg med ei oppdatering. Eg berre sjekka, sidan eg sit og liksom skriv eksamensoppgåva mi. Midt på natta. Det var ikkje oppdatering. Eg myste to gongar og snudde datamaskina opp-ned. Heilt sant. Det verka ikkje. Men nye perspektiv... det fekk eg.

Snøsokk sa...

opptil fleire oppdateringar er i sokken for tida. Eg har berre ikkje fått dei ut enda. Eg skjønar at mangel på oppdatering, kan føre til absurd åtferd like mykje som sjølve oppdateringa kan.