torsdag, oktober 25, 2007

Fakta om løk

"Ingen er trygg før kanibalen er mett"
Det sa min onkel, og han hadde rett
Heilt til kanibalen byrja med jazzballett

Men kvisleis kan dette ha seg montro?
Slapp av, det er det eg skal fortelje no.

Langt oppe i eit tre, heilt øverst i ein dal
Der budde vår kjære kanibal
Vidar heite han
Vidar var klok som ein hønsehøk
kanskje han var litt allergisk mot løk
men elles var vidar normal


Løk var då ikkje det verste av alt
for oppe i treet var det ofseleg kaldt
Det var derfor det gjekk slik det gjorde i går
då vidar skulle barbere sine nakkehår
Plutseleg ned frå ei grein det falt eit får

Det var det verste vidar i livet hadde hørt
Men sidan han likevel stod der med saksa, så greip han i sauen, den breka og baksa
Og vips var der ull til å sy seg eit strutteskjørt

No dansar han rundtom med sauen i armen
For slik så held dei jo begge varmen

3 kommentarer:

Kristoffer sa...

Du er beint fram sjuk. Det er nok difor eg likar deg så godt.

Ole Malvin sa...

eg skrive deg opp på lista over personar som har ei utdanning eg har lyst til å få høyre om!

Unknown sa...

lurt