fredag, november 09, 2007

Bestefars flukt

No kjem blomane
på venstre side
Dei bryt seg opp gjennom golvbelegget
og gjer ende på knekkebrødet

Ned gjennom pipa
Inne på badet, der graset gror
Ja, for en skal ikke tro at her ingen bor

For borte ved vasken sit der ein gubbe
Med tannkost i handa
Han byrjar å skrubbe
Men ingenting hender

Han var for sein
No kan nok aldri den møllspiste tanna bli rein
Rask som ein kjemperask tøffel,
grip han ein stein

Knyter den rundt sine knoklete bein
Banar seg veg
med korte steg
ut på den gyldne middelveg

Men blomane skjønar kvar mannen vil hen
Dei lokkar og dansar
Forsyrrar hans sansar
No trur han ein blomst er hans venn

Blomane, dei har eit lunefullt lynne
Ein kan ikkje stola på dei
Dei er for tynne

1 kommentar:

Ole Malvin sa...

tenkte eg da ikkje, skurkane vann...