tysdag, november 13, 2007

Skrivepress

Eg sit i eit vakuum og kjenner det ubarmhjertige presset. Det kjennest som om hovudet straks vert omforma til ein liten våt flekk på veggen bak meg. Ein kan jo sjølv tenkje seg at ein person under slikt press må stride meir enn andre for å halde på fatninga. Berre sjå på meg. Her ligg eg på pulten min, med beina oppetter veggen og hovudet i nitti graders vinkel utfor kanten på motsett side. Mesteparten av håret mitt ligg nok på golvet under pulten. Slik artar livet seg for ein gymnasiast, eller student, om du kan kalle meg det.
I bakhand for denne situasjonen eksisterar det ein fire timar og tjueto minutt lang periode av mitt liv. Denne perioden tok eg flittig i bruk ved å stire intenst på eit ark med nokre besynderlig lite engasjerande skribleriar på. Ei rekke spørsmål vert lufta i samband med eit hefte, som moglegvis kan ha vorte henta frå langbordet i sekstiårsdagen til Vidar Teisen. Joda, her står det mykje om ”glede”. Orda haglar over meg som skot frå ei haglebørse. Som om ikkje inspirasjonen var skadeskutt frå før.
Det er altså slike situasjonar som skal avgjere mine kvalitetar som skribent. Det er på denne måten det norske skulesystemet skil mosen frå ugla og hjernen frå barken. Eg leikar med tanken på ulike funksjonar skulen kunne hatt. Ein kunne jo tenkje seg at det norske skulesystemet fungerar på same måte som eit forskingsinstitutt. ”Konklusjon av eksperiment nr 115: Eleven ser ut til å gjere framgong innan essayskriving. Neste veke: skriving under vatn. Hypotese: Me skal teste om elevens skriveferdighetar er dei same på 240 meters djup. Båten går klokka fire, ta med, skrivesaker, dykkarmaske og godt humør. Elevar vert utdelt ved kaien.”
Nei, hadde det no enda vore så vel. Då hadde me i det minste hatt noko å skrive om. Det finst jo mykje artig der nede på havbotnen. Me kunne skreve artige historier om skipsvrak og sjøpølser. Kanskje hadde me fordjupa oss i blæretang eller skreve lange feature-artiklar om det spanande algelivet. Det nyttar nok ikkje å tenkje slik, til og med sjøgras er grønare på den andre sida. Me hadde vel berre vorte forstyrra av alle fiskane. Menneske er jo så glad i fisk. Men ein stad går nok grensa for kor glad i fisk me bør vere. Eg las ein gong om ein tolv år gammal gut som hadde drepe og valdteke ei nise. Kven er det som skriv om noko slikt?
Ein bør moglegvis ikkje trykkje i avisa alt som naboen eller kongehuset driv med. Men kva skal dei då gjere når avisa ikkje har noko betre å skrive om? Sportsavisene har lenge vore pinleg påverka av dette. Dei trykkjer opp ekstra opplag om fotballspelarar som ikkje kan stille til kamp på grunn av akkutt fotsopp og tåneglerusk. Kanskje burde ein rett og slett ikkje skrive i heile teke når ein ikkje har noko å skrive om. Det er direkte farleg, ein kan komme til å sette verda eller det norske flagget i fyr og flamme. Ja, for slik går det av og til når ein tuklar med ting ein ikkje har greie på.
Sjå til dømes på Da Vinci Koden. Forfattaren giddar ikkje studere bibelen. Men han giddar å reiser heile verda rundt for å skrape saman urgamle utkast av noko som kan minne om Se & Hør frå Jesu tid. Når han kjem heim omarbeidar han materialet til eit skags slags alternativ trusretning for dei som ikkje syns at Dei hellige skrifter er noko kult. Nei, enkelte ”lyse idear” bør ein helst halde som nattbordslampe på gjesterommet. Det store spørsmålet er framleis; kva gjer du når verda krevjar at du skal hoste opp ein litterær tekst ut av det store grøne inkje? Det må då vere ein eller annan kransekakediktar som har knekka denne koda?
Det fins dei som taklar denne situasjonen strålande. Andre derimot, løyser situasjonen ved stabilt sideleie eller fosterstilling. Eg sit her, med tilgang på uhorvelige mengder papir, og så mange blyantar eg berre kan ete. Men kan ikkje ein gong få meg til å skrible ned så mykje som energiinnhaldet i laktoseredusert kulturmjølk. Det fins inga ende på urettferda.

3 kommentarer:

Ingeborg sa...

åååh! <3 Du e so bra! Og so flink! Du va beste innslaget på høstfesten! :D Snakkast snart!

*klemm*

Synøve sa...

eg følar meg som ein våt svetteperle som har festa seg til den tedje rynken på venstresio av min panne.

Hannah Eline sa...

ufattelig morsomt. var det "den litterare teksten" som du klagde saa over at du ikke fikk "hostet opp"? I saa fall er det noe som ikke stemmer. Naa har det seg jo sann at det er jeg som er paa den andre siden av kloden og sitter for en pc hele dagen og sjekker blogger, eventuelt avbrutt av stunder med solsteiking, mens du er den som er paa kongshaug, tynget under horelaereprover og historieforelesninger. Saa argumentene dine er konge. HIHI!